MCPNew: now works with Claude & AI assistants
Visere

Visere

Områdeleder / Servicemekaniker - Eiksenteret Førde

Company

Visere

Role

Områdeleder / Servicemekaniker - Eiksenteret Førde

Job type

-

Found on Mokaru

2 weeks ago

Share this job

Salary

Not disclosed by employer

Job description

Eiksenteret opplever aukande kundepågang i Nordfjord og nordre delar av Sunnfjord. For å levere service i særklasse til våre kundar, er vi no på jakt etter ein områdeleiar / servicemekanikar , med base her, i vakre Nordfjord .

Dette er ei stilling for deg som likar å ta ansvar, løyse tekniske utfordringar og skape dei beste serviceopplevingane for kundane våre. Du vil få ei sentral rolle i oppfølginga av kundar nord i regionen, med service, feilsøking og reparasjonar på traktorar, landbruksmaskiner og tilhøyrande utstyr.

Vi ser gjerne at du har erfaring som landbruksmekanikar, men vi veit at gode mekanikarar kan kome frå andre mekaniske, eller tilstøtande fagområde . Det viktigaste er at du har god teknisk forståing, jobbar sjølvstendig og har vilje til å lære.

Hos oss får du jobbe med kjende merkevarer som Massey Ferguson , Fendt , Ålø , Grimme , Dalen, Foss-Eik , Amazone og fleire andre solide produkt innan landbruk og maskin.

Om rolla

Som Områdeleiar / Servicemekanikar får du ein variert og sjølvstendig arbeidskvardag. Du vil arbeide ute hos kundar, særleg i Nordfjord og nordre delar av Sunnfjord . På sikt skal vi også etablerere ein verkstad i regionen, og det vert naturleg at du skal leie denne satsinga.

Rolla passar for deg som trivst med å ha ansvar for eigen arbeidsdag, som kommuniserer godt med kundar, og som forstår kor viktig oppetid er for bonden og entreprenøren. Når maskina står, må nokon finne feilen, løyse problemet og slik at kunden vår kjem seg vidare med arbeidet sitt. Den personen kan vere deg.

Du vil få eigen servicebil og nødvendig utstyr for å kunne utføre oppdrag ute hos kundar på ein effektiv og profesjonell måte.

Sentrale arbeidsoppgåver

Du vil blant anna arbeide med

Service, feilsøking og reparasjon av traktorar, landbruksmaskiner og redskap / utstyr

Mekanisk arbeid, hydraulikk, elektronikk og diagnose

Kundekontakt før, under og etter utført arbeid

Dokumentasjon av utført arbeid i våre system

Planlegging av eigen arbeidskvardag i samarbeid med verkstad og delelager

Bestilling og koordinering av delar ved behov

Bidra til god kvalitet, ryddige rutinar og eit profesjonelt fagmiljø

Vi ser etter deg som

Vi trur du vil passe godt i rolla dersom du

Har erfaring frå landbruksmaskiner, anleggsmaskiner, tungbil, bil, industri eller anna mekanisk arbeid

Har god teknisk forståing og interesse for maskiner

Arbeider sjølvstendig, strukturert og med høg kvalitet

Likar å finne praktiske løysingar på tekniske problem

Er trygg i møte med kundar og kollegaer

Har grunnleggande datakunnskap og kan dokumentere arbeid digitalt

Har førarkort klasse B - BE og T er ein fordel

Det er ein fordel om du har fagbrev som landbruksmekanikar, bilmekanikar, industrimekanikar, anleggsmekanikar eller tilsvarande, men relevant erfaring kan vege opp for manglande fagbrev.

Førarkort klasse BE og T er også ein fordel.

Personlege eigenskapar vi set pris på

Du treng ikkje kunne alt frå dag éin, men du må ha ha rett haldning.

Vi ser etter ein person som

Tek ansvar og får ting gjort

Er nøyaktig og pliktoppfyllande

Er løysingsorientert når kvardagen blir travel

Likar kundekontakt og forstår verdien av god service

Har interesse for maskiner, teknologi og praktisk arbeid

Bidreg positivt til arbeidsmiljøet

Har lyst til å utvikle seg fagleg over tid

Kvifor Eiksenteret?

Hos Eiksenteret blir du del av ei etablert regional og nasjonal verksemd, med korte beslutningslinjer, stort engasjement og høg fagleg stoltheit.

Vi tilbyr

Ei sjølvstendig og viktig rolle i satsinga vår i Sogn og Fjordane

Servicebil og nødvendig utstyr for oppdrag ute hos kundar

Arbeid med sterke merkevarer som Massey Ferguson og Fendt

Opplæring og fagleg utvikling gjennom Eik-kjeda og AGCO Academy

Kurs og kompetanseheving i både Noreg og utlandet

Moderne diagnoseverktøy, godt utstyr og fagleg støtte frå erfarne kollegaer

Konkurransedyktige vilkår og ordna arbeidstilhøve

Moglegheit til å påverke og bygge vidare eit viktig kundeområde

Hos oss får du ein jobb der arbeidet ditt betyr noko. Når du held maskinene i drift, bidreg du direkte til at bønder og entreprenørar får gjort jobben sin.

Lyst til å ta ein prat?

Har du ein drøm om å skru på Fendt og Massey Ferguson?

Ta kontakt

Daniel Dvergsdal – 904 79 470 / daniel@visere.no Jorunn Skrede Klakegg – 982 40 361 / jorunn@visere.no

Alle søknadar vert behandla fortløpande.

Om Eiksenteret Førde

Eiksenteret Førde vart starta i 1986 og har i dag 10 tilsette, med ei omsetning på ca 65 mill. årleg. Eiksenteret er ein del av ei landsdekkande franchisekjede der Eikmaskin AS er kjedegiver og importør.

Eik-kjeden består av 30 sjølvstendige selskap som med sine underavdelingar er representert på 46 stader i Norge. Vårt produktspekter er kjende merkevarer; Massey Ferguson, Fendt, Ålø, Grimme, HE-VA, Junkkari, Dalen, Amazone og Tellefsdal - I tillegg til eit omfattande butikk og rekvisitautval til landbruk- og anleggsbransjen.

Resume ExampleCover Letter Example

Explore more