MCPNew: now works with Claude & AI assistants
Ecura BPA

Ecura BPA

Trygg og pålitelig assistent søkes til 22 år gammel jente

Company

Ecura BPA

Role

Trygg og pålitelig assistent søkes til 22 år gammel jente

Location

Voss, Norway

Job type

-

Found on Mokaru

2 weeks ago

Share this job

Salary

Not disclosed by employer

Job description

Er du ein person som trivst med å hjelpa andre og ønskjer å gjera ein forskjell i kvardagen? Då kan du vera akkurat den me leitar etter :)

Kva er BPA?

Brukarstyrt Personleg Assistanse (BPA) er ein alternativ måte å organisere tenestene praktisk og personleg bistand på for menneske med nedsett funksjonsevne. BPA er eit likestillings- og frigjeringsverktøy, og gjennom bistand frå eigne assistentar blir det lagt til rette for at personar med bistandsbehov får eit aktivt og mest mogleg sjølvstendig liv.

Om meg og mitt behov

Stilling ledig for BPA i turnus morgon, ettermiddag, kveld og helg, hjå ei jente på 22 år i jenta sin heim på Evanger, vest for Voss sentrum. Mogelegheit for opptil 80% stilling. Det kan vera aktuelt med døgnvakter ved einskilde høve. Tiltreding etter avtale.

Jenta bur heime hjå familien, og skal kunne bu der utan å trenge hjelp frå mor og sysken, men med høve til å vera i lag med dei etter ynskje. Som assistent kjem du også til å bli kjend med familien og med eit hus med mykje liv og røre. Arbeidsspråk kan vera norsk eller engelsk.

Jenta treng rettleiing og hjelp til kvardagslege gjeremål knytt til personleg hygiene, klesvask, husstell, innkjøp, matlaging, og hjelp til å ta del i aktivitetar og ha ei aktiv fritid. Det er ein fordel om du har erfaring med liknande arbeid, men det viktigaste er at du trivst med arbeidet og arbeidsplassen.

Det er viktig at du er punktleg, ryddig, fleksibel, og påliteleg, og det er fint dersom du er interessert i forming, språk, matlaging, musikk, song, dans, film og ulike aktivitetar. Jenta er glad i å drive med musikk og dans, sykle, gå tur med hund, lage mat og mykje anna.

Me ser etter deg som

Er ein god omsorgsperson og ein trygg vaksen

Er god til å kommunisere

Set pris på gode relasjonar

Er glad i musikk og dans – du kan gjerne synge og spele litt

Likar å spele kort- og brettspel og drive med formingsaktivitetar

Trivst på kjøkkenet

Er ansvarsfull, sjølvstendig og pliktoppfyllande

Er kreativ og løysingsorientert

Er glad i å vera aktiv

Har evne til å skapa openheit, tillit og tryggheit

Kvalifikasjonar

Gyldig politiattest

Det er en fordel å ha førarkort og eigen bil

Vi tilbyr

Ein meningsfull jobb der du gjer en forskjell

God opplæring og rettleiing

Oppfølging og støtte av erfarne rådgivare i Ecura BPA

Pensjons- og forsikringsordninger

Løn etter tariffavtale: for tida er minstelønn kr. 225,4 (gjelder ved turnusarbeid, dvs. arbeidstidsordning med gjennomsnittlig 35,5 timer pr. uke i 100% stilling). For den utlyste stillingen gjelder en gjennomsnittlig arbeidstid med 35,5 timer pr uke (100% stilling).

Ved å søke på stillinga, aksepterar du at søknad og CV videreformidles til arbeidsleder i ordninga.

Aktuelle kandidater blir intervjuet fortløpende.

Resume ExampleCover Letter Example

Explore more