MCPNew: now works with Claude & AI assistants
BJØRNAFJORDEN KOMMUNE NAV

BJØRNAFJORDEN KOMMUNE NAV

Rettleiar - 100 % vikariat

Role

Rettleiar - 100 % vikariat

Location

OS, Norway

Job type

Temporary

Found on Mokaru

Yesterday

Share this job

Salary

Not disclosed by employer

Job description

Hos Nav Bjørnafjorden får du ein jobb der du gjer ein forskjell – for menneske og for samfunnet. Vi har ledig eit vikariat i 100% stilling med oppstart snarast og med varigheit i eitt år. Som rettleiar blir du ein del av avdeling avklaring, velferd og forvaltning, og du får ansvar for å følgje opp brukarar på vegen mot å bli sjølvhjelpen gjennom utdanning eller arbeid.

Nav Bjørnafjorden er del av region Midthordland, og vi er 55 tilsette som samarbeider godt med kommunane i regionen for å gi brukarane våre dei beste tenestene.

Nav Bjørnafjorden har moderne og funksjonelle lokale i Os Næringspark, tilpassa ein aktivitetsbasert arbeidsplass med fokus på samarbeid og fleksibilitet. Kontoret består av engasjerte medarbeidarar fordelt på fleire avdelingar, og saman utgjer vi region Midthordland i Nav Vestland – eit sterkt fagmiljø med høg kompetanse og stort engasjement for gode tenester til innbyggjarane våre. Høyrest dette spennande ut for deg? Då vil vi gjerne høyre frå deg!

Arbeidsoppgåver

  • Gje heilskapleg rettleiing og oppfølging av brukarar og støtte dei på vegen mot å bli sjølvhjelpen gjennom arbeid og utdanning
  • Kartlegge ressursar, moglegheiter og behov saman med brukar
  • Følgje opp arbeidsgjevarar og andre samarbeidspartar gjennom tverrfagleg samarbeid
  • Handsame søknader om økonomisk sosialhjelp

Nav er stadig i utvikling og du må forvente at det også vil påverke arbeidsoppgåver over tid.

Kvalifikasjonar

  • Utdanning på minimum bachelornivå som er relevant for arbeidsoppgåvene i eit Nav-kontor
  • Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
  • Relevant arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet
  • Ønskeleg med førarkort klasse B
  • Det er ein fordel om du har kjennskap til Nav sitt lovverk

Personlege eigenskapar

  • Du har evne til å kommunisere både munnleg og skriftleg på ein slik måte at du byggjer gode relasjonar og finn gode løysingar saman med bruker
  • Brukermedverknad er viktig og vi ser etter deg som har erfaring frå relasjonsbygging som du kan ta med inn i arbeidet som rettleiar
  • Du er ein lagspelar, og du ser verdien av godt medarbeiderskap i eit arbeidsmiljø
  • Som kollega hos oss vil du vere ein del av eit godt arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse. Du må likevel kunne jobbe sjølvstendig, og akseptere at arbeidskvardagen tidvis kan vere travel og at det må gjerast prioriteringar

Vi tilbyr

  • God opplæring til stillinga
  • Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
  • Ein triveleg og hektisk arbeidsplass med dyktige medarbeidarar
  • Ein spennande og utfordrande jobb
  • Gode høve til personleg utvikling
  • Fleksibel arbeidstid
  • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande avtalar
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Syns du at dette verkar interessant, vil vi gjerne ha ein søknad frå deg!

Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

Link til søknadsskjema: Søk her

Om arbeidsgiveren

Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette.

Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!

Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Resume ExampleCover Letter Example

Explore more