Unknown
Sjukepleiar - 80 % fast stilling på natt ved Medisin 5 vest
Company
Role
Sjukepleiar - 80 % fast stilling på natt ved Medisin 5 vest
Location
Job type
Full-time
Found on Mokaru
14 hours ago
Salary
Job description
Kom til oss - Medisin 5 vest har ledig ein 80 % fast stilling som sjukepleiar på natt, og vi ønsker nettopp deg som vår nye kollega.
Medisin 5 vest er ein infeksjonsmedisinsk sengepost ved Haukeland universitetssjukehus. Vi har 14 sengeplassar og jobbar etter prinsippet om gruppesjukepleie. Vi søker ein lojal og positiv sjukepleiarkollega som trivst på natt. Vi ønsker å tilby 80 % fast stilling på natt ved at hovuddel av stillinga er ved medisin 5 vest, og ein del nyttast på tvers av dei andre seksjonane i medisinsk klinikk til hospitering, opplæring og arbeid. (Andre stillingsprosentar kan vurderast om ønskeleg). Vi behandlar ulike infeksjonssjukdommar som pneumoni, sepsis, gastroenteritt, tuberkulose, endokarditt og andre generelle infeksjonssjukdommar.
Vi søker ein ny kollega til det flotte teamet vårt.
Arbeidsoppgåver
- Mottak og oppfølging av pasientar
- Du vil delta i eit tverrfagleg samarbeid for å gi pasientar eit best mogleg opphald på avdelinga
- Gi/yte god omsorg for pasienten og dei pårørande
- Opplæring og rettleiing av studentar samt nytilsette
- Administrasjon av legemiddel Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Må ha gode IKT-kunnskapar
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggast ved søknad Personlege eigenskapar
- Du har motivasjon og interesse for fagfeltet
- Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
- Evne til å ta sjølvstendige avgjerder
- Du har vilje og evne til å tilpasse deg skiftande krav og forhold
- Du kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
- Du trivst med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo
- Du har gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldende overenskomst
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
- Eit engasjert og godt arbeidsmiljø med kompetente og stolte medarbeidarar
- Relevant opplæring
- Ein viktig og interessant jobb i norsk helsevesen
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonHege Cecilie Sørby, Seksjonsleiar, +47 55 97 37 03
ArbeidsstadHaukelandsveien 22
5021 Bergen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5150736493
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 02.08.2026
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.


