OSTERØY KOMMUNE BARN OG FAMILIETEAMET
Ledig fast 100 % stilling som rettleiar i barne- og familieteamet
Job description
Om stillinga
Osterøy kommune utvidar tilbodet innan barn og unge, og ser etter deg som er familierettleiar.
Familiens hus på Osterøy styrkar barn- og familieteamet med ein ny stilling som familierettleiar i 100 % fast stilling. Stillinga er ledig frå oktober 2026.
Barn- og familieteamet er ei tverrfagleg teneste beståande av familieterapeutar, miljøterapeutar og psykolog. Vi tilbyr heilskapleg rettleiing og oppfølging til barn og deira familiar som opplever utfordringar i kvardagen. Stillinga vil i hovudsak arbeide med familierettleiing og miljøterapeutisk oppfølging etter tilvising frå barneverntenesta eller på lågterskel. Vi arbeidar og med fosterheimsrettleiing og oppfølging av ungdom på ettervernsvedtak.
Stillinga passar for deg som likar å jobbe tett på familiar, og som er trygg i møte med barn og unge i krevjande livssituasjonar. Vi ser etter ein kollega som har oppdatert og solid erfaring frå tiltaksarbeid med barn og unge.
Det er særleg viktig å kunne skape tillit og gode relasjonar. Oppfølginga vert tilpassa kvar enkelt familie sine behov og ressursar og arbeid på ettermiddag må påreknast.
Osterøy kommune har 6 månaders prøvetid for nytilsette
Arbeidsoppgåver
- Oppfølging av familiar gjennom hjelpetiltak som rettleiing, miljøterapeutisk arbeid og tilsynsoppdrag
- Bidra i planlegging og gjennomføring av gruppetilbod
- Anvende familieterapeutiske og kunnskapsbaserte metodar
- Delta aktivt i fag- og kvalitetsutvikling i avdelinga
- Samarbeide tverrfagleg med skule, barnehage og andre tenester
- Utføre andre relevante oppgåver ved behov
Vi tilbyr
- Meiningsfull arbeidskvardag med varierte oppgåver
- Fokus på fagleg utvikling
- Løn etter gjeldande avtalar
- Offentleg tenestepensjon
- Fleksitidordning
- Gratis parkering
- Eit godt arbeidsmiljø på ei av dei vakraste øyane i landet
Kvalifikasjonskrav
- Krav om relevant helse- eller sosialfagleg utdanning på bachelor- eller masternivå
- Krav om minimum 2 års erfaring frå terapeutisk endringsarbeid.
- Ønskeleg med relevant vidareutdanning, til dømes innan familieterapi, rus- og psykisk helsearbeid, miljøterapi eller liknande
- Ønskeleg med kompetanse og erfaring frå bruk av relevant metodikk og erfaring med drift av grupper
- Erfaring frå oppfølgingsarbeid med barn, unge og familiar vert vektlagd
- Har god skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Gyldig politiattest ved tilsetjing
- Førarkort klasse B
Vi ser etter deg som
- Kan skape naudsynte endringar hjå familiane du er i kontakt med
- Har engasjement og interesse for å skape trygg og tillitsbyggjande kommunikasjon med menneske i vanskelege livssituasjonar
- Har gode samarbeidsevner og samtidig evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
- Er trygg i samtalar med barn, ungdom og deira familiar
- Har stor arbeidskapasitet med tydeleg fokus på mål og endring •
Er fleksibel og løysingsorientert og kan tilpasse deg ulike situasjonar
Personleg eignaheit vil bli tillagd stor vekt.
Offentleg tenestepensjon
I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut!
Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar!
Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg!
Om arbeidsgiveren
Osterøy kommune – Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av Nord-Europas største innlandsøyer, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på om lag 8 000 innbyggjarar og det er både bru- og ferjesamband til nabokommunen Bergen. Frå Lonevåg sentrum, kommunesenteret vårt, tar køyreturen til Bergen om lag 45 minutt, til Åsane tar det om lag 30 minutt og til Arna kjem du på om lag 20 minutt. I tillegg til Lonevåg har ein og Valestrand, Haus, Fotlandsvåg og Bruvik som større bygder/tettstadar.
Osterøy har ein allsidig og livskraftig småindustri innan mekanisk, møbel, tekstil og næringsmiddelindustri. Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. Landbruk sysselset om lag 300 personar og tømraryrket står framleis høgt i kurs her på Osterøy.
I Osterøy skal det vere godt å bu både for unge og eldre. Kommunen har eit rikt kulturliv, ulike idrettsaktivitetar, godt utbygd skule- og barnehagetilbod og gode helse- og sosiale tenester.
Bli med på laget i Osterøy kommune! Me ønskjer oss stadig fleire kompetente og engasjerte medarbeidarar. Me ser fram til å ta godt i mot deg og gje deg ein meiningsfull arbeidskvardag.


