MCPNew: now works with Claude & AI assistants
HELSE MØRE OG ROMSDAL HF SEKSJON VAKSENHABILITERING ÅLESUND

HELSE MØRE OG ROMSDAL HF SEKSJON VAKSENHABILITERING ÅLESUND

Sjukepleiar

Company

HELSE MØRE OG ROMSDAL HF SEKSJON VAKSENHABILITERING ÅLESUND

Role

Sjukepleiar

Location

ÅLESUND, Norway

Job type

Full-time

Found on Mokaru

Yesterday

Share this job

Salary

Not disclosed by employer

Job description

Bli med og bygg opp eit nytt behandlingstilbod innan psykisk helsevern!

Psykose sengepost Sunnmøre søker ein engasjert og fagleg sterk medarbeidar til stilling som sjukepleiar. Oppstart 11. august. Vi tilbyr for tida langvakter på natt og arbeid kvar fjerde helg.

Psykose Sunnmøre opna i oktober 2025, og du får her ei unik moglegheit til å vere med på vidareutviklinga av ein heilt ny sengepost med høge ambisjonar for fag, kvalitet og pasienttryggleik.

Seksjonen tilbyr utgreiing og behandling for personar med psykoselidingar som treng døgnopphald. Vi jobbar tverrfagleg i team beståande av psykiater, psykologspesialist, LIS3, vernepleiarar, sjukepleiarar, miljøterapeutar og helsefagarbeidarar. Som medarbeidar hos oss vert du del av eit fagmiljø som legg stor vekt på:

  • kvalitet og fagleg tryggleik
  • samarbeid og godt arbeidsmiljø
  • kontinuerleg utvikling og forbetring
  • tett samhandling med andre seksjonar og førstelinetenesta

Seksjonen høyrer til i Avdeling for sjukehuspsykiatri Sunnmøre, saman med Akutt psykisk helse Sunnmøre, Sikkerheitspsykiatri Sunnmøre, Allmennpsykiatri Sunnmøre, Spesialisert habilitering Sunnmøre og Alderspsykiatri Sunnmøre.

Arbeidsoppgåver

Som sjukepleiar hos oss vil du ha ei sentral rolle i å sikre heilskapleg og forsvarleg behandling.

  • Arbeid etter individuelle behandlingsmål og tiltaksplanar
  • Fagleg oppdatering og etterleving av gjeldande rutinar og retningsliner
  • Deltaking i obligatorisk MAP-opplæring (handtering av aggresjonsproblematikk)
  • Ansvarsvakt, med koordinering og beslutningsstøtte
  • Bidrag til fag- og kvalitetsutvikling, inkludert forbetringsarbeid og deltakelse i fagmøte
  • Rettleiing av studentar, nytilsette og samarbeidspartnarar
  • Aktiv deltagar i å bygge eit trygt, varmt og godt arbeids- og læringsmiljø Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Gjerne erfaring frå psykisk helsevern
  • Berherskar norsk skriftleg og munnleg Personlege eigenskapar
  • Du har interesse for arbeid med menneske med psykoselidingar
  • Du arbeider godt tverrfagleg og byggjer gode relasjonar
  • Du er trygg, strukturert og samarbeidsretta
  • Personleg eignaheit vert tillagt stor vekt Vi tilbyr
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.

KontaktinformasjonErik Sletten Helgesen, Seksjonsleiar, erik.sletten.helgesen@helse-mr.no

ArbeidsstadÅsehaugen 5

6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5129730916

Stillingsprosent: 70%

Fast

Startdato: 11.08.2026

Søknadsfrist: 17.07.2026

Om arbeidsgiveren

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal

Resume ExampleCover Letter Example