MCPNew: now works with Claude & AI assistants
ÅLESUND POLITIHUS

ÅLESUND POLITIHUS

Seksjonsleiar

Role

Seksjonsleiar

Job type

Full-time

Found on Mokaru

Yesterday

Share this job

Salary

Not disclosed by employer

Job description

Om stillinga

Likar du å jobbe strategisk, samhandle med andre og trivast med endring og utvikling? Då kan dette vere jobben for deg.

Seksjon for tenesteplanlegging søkjer etter ny seksjonsleiar etter førre leiar har gått av med pensjon. Seksjonen har 5,5 årsverk og består både av sivil og politifagleg kompetanse.

Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidreg til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.

Som seksjonsleiar blir du ein del av leiinga ved Stab for HR og HMS og vil få ei sentral rolle i å sikre at Møre og Romsdal politidistrikt leverer på både planlagd og hendingsstyrt polititeneste. Seksjonen har eit særleg ansvar for å bidra til å sikre beredskap, betre polititenester og optimal bruk av ressursar. Du vil få eit breitt ansvarsområde som vil ha påverking på korleis vi organiserer, planlegg og gjennomfører dei operative tenestene våre. Rolla vil vere sentral for å styrkje samarbeid i politidistriktet og i etaten elles.

Dette ser vi etter hos ein ny leiar

Vi ser etter deg som er tydeleg og uredd, heilskaps- og utviklingsorientert, resultatorientert og som har stor grad av gjennomføringsevne. Som leiar er det viktig at du også har etisk integritet og er relasjonsorientert.

Er du klar for å ta på deg denne viktige leiarrolla i Møre og Romsdal politidistrikt? Vi ser fram til å høyre frå deg!

Arbeidsoppgåver

  • Strategisk planlegging : utvikle og implementere langsiktige mål og strategiar for effektiv tenesteplanlegging, tilpassa eit politidistrikt i kontinuerleg utvikling
  • Fagansvar for tenesteplanlegging og systematisk forbetring: ha fagansvaret for tenesteplanlegging, inkludert tett samarbeid med HR og HMS-funksjonen for å utvikle og følgje opp strategiske avgjerder, leggje til rette for kontinuerleg forbetring innan ansvarsområdet til seksjonen og dessutan sørgje for at teknologiske løysingar blir teke i bruk for å optimalisere arbeidsprosessar.
  • Drifts- og resultatansvar: overordna ansvar for drift, måloppnåing og resultat for seksjonen inkludert rapportering til einingsleiar
  • Leiing og vidareutvikling av seksjonen : leie og utvikle seksjonen for å realisere overordna mål for politidistriktet. Personalansvar og systematisk HMS arbeid for medarbeidarane i seksjonen
  • Arbeidsplanlegging og ressursdisponering : ha overordna ansvar for heilskapleg og kontinuerleg arbeidsplanlegging og ressursdisponering i politidistriktet

Kvalifikasjonar

Dette må du ha for å vere kvalifisert

  • relevant høgare utdanning minimum på bachelornivå
  • relevant leiarerfaring med gode resultat. Særleg relevant arbeidserfaring med gode resultat i kombinasjon med etterspurde personlege eigenskapar kan kompensere for manglande leiarerfaring.
  • god digital forståing
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetting, jamfør politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må ein rekne med at det blir henta inn opplysningar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.
  • må kunne bli sikkerheitsklarert på nivå hemmeleg, jamfør sikkerhetsloven

Det er også ønskjeleg med

  • leiarutdanning
  • erfaring med tenesteplanlegging ved hjelp av nye digitale verktøy/kunstig intelligens
  • erfaring med endring og omstillingsprosessar
  • kunnskap om helse, miljø og sikkerheit (HMS) og statleg regel- og avtaleverk

Personlege eigenskapar

  • resultatorientert og evne til å skape utvikling og endring
  • heilskapleg organisasjonsforståing
  • evne til å skape gode relasjonar og samhandle med andre
  • analytisk
  • høg etisk bevisstheit og ein god rollemodell

Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her .

Personleg egnaheit vil bli vektlagd.

Dette kan vi tilby om du vel oss

  • ei givande og utviklande stilling for deg som vil vere med på å forme politiet for framtida
  • fast stilling som seksjonsjef (stillingskode 1211) med årslønn frå kr. 800 000 til kr. 890 000. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn bli vurdert.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir om tilsettingsgoda dine på spk.no/medlemskap-i-spk. Det blir trekt to prosent frå lønna til innskot i Statens pensjonskasse.
  • gode arbeidsvilkår (dagtid, fleksibel arbeidstid, trening i arbeidstida o.l)
  • tilknyting til bedriftshelsetjeneste og fordelar ved å tilhøyre ei IA-bedrift

Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.

Mangfald i politiet

Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.

Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her .

Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.

Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_Wc Slik søkjer du

Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.

Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.

Om arbeidsgiveren

Mellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eitt av 12 politidistrikt i Noreg. Vi femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer med ei befolkning på om lag 272 500 menneske. Ein stor del av befolkninga bur langs kysten og på øyar.

Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Politidistriktet har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.

Politidistriktet har om lag 650 tilsette og vert leia av politimeister Elin Anja Drønnen med hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar og sommaråpen politistasjon i Geiranger. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar: Felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR og HMS.

Resume ExampleCover Letter Example

Explore more