POLITIETS FELLESTJENESTER ÅLESUND POLITISTASJON
Seksjonsleiar
Salary
Job description
Om stillinga
Vi har no ledig ei spennande stilling som seksjonsleiar for det førebyggande arbeidet i Møre og Romsdal politidistrikt.
I denne stillinga vil du ha fag- og koordineringsansvar for det førebyggande arbeidet i heile politidistriktet, i tett samarbeid med dyktige kollegaer. Du vil samhandle med sentrale samfunnsaktørar på politidistriktsnivå og delta i nasjonale fora for å vidareutvikle og setje retning for det kriminalitetsførebyggjande arbeidet. Du vil også delta i FEFE si leiargruppe og drive fagutvikling på tvers.
Seksjonen er organisert under Felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking (FEFE) og består av om lag 10 spesialiserte medarbeidarar innan ulike førebyggjande fagområde som du vil vere nærmaste leiar for. Desse arbeider mellom anna med trusselutsette personar, koordinering av vald i nære relasjonar og æresrelatert vald, næringslivskontakt, nettpatrulje, radikalisering og oppfølging av kriminalitetsutsette.
Vi oppmodar særskilt kvinner om å søkje på politileiarstillingar.
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar
Vi ser etter deg med relevant erfaring, og som ønskjer å setje retning og utvikle det førebyggande arbeidet i Møre og Romsdal politidistrikt. Du må trivast med å arbeide tverrfagleg, langsiktig og med eit bredt oppgavesett.
Vidare søkjer vi deg som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som ein god ambassadørar for politiet gjennom handlingane dine i det daglege arbeidet. Evne til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit til publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår.
I vår vurdering av kandidatar er mellom anna dette noko vi vil leggje vekt på, i tillegg til evna til å sørgje for eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø.
Arbeidsoppgåver
- fag- og koordineringsansvar for politidistriktet sitt førebyggjande arbeid
- ansvar for å følgje opp og leggje til rette for utvikling av førebyggjande arbeid innan radikalisering og valdeleg ekstremisme, familievald og partnar/ære-problematikk, næringslivsdialog, ungdomskriminalitet og politiet sitt nærvær på nett
- personal- og resultatansvar
- utvikle eit godt medarbeiderskap, ønskt kultur og god medarbeidartilfredsheit i eininga
- leggje til rette for utvikling av kunnskapsbasert politiarbeid i samarbeid med andre, både internt og eksternt
- sikre eit helsefremjande arbeidsmiljø gjennom dialog og samarbeid (HMS og internkontroll)
- deltakar i leiargruppa til felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking (FEFE)
- kan påleggast andre oppgåver
Kvalifikasjonskrav
Dette må du ha for å vere kvalifisert
- bestått eksamen frå Politi(høg)skolen eller juridisk embetseksamen/mastergrad i rettsvitenskap
- brei erfaring frå politiet
- relevant leiarerfaring
- god forståiing for førebygging som fagområde
- god resultatoppnåing i tidlegare stillingar
- plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må ein rekne med at det blir henta inn opplysningar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.
Det er også ønskjeleg med
- leiarutdanning
- vidareutdanning innan førebyggjande arbeid og/eller andre relevante fagområde i politiet
- kunnskap om HMS, eller at slik kompetanse kan opparbeidast innan avtalt tid etter tilsetjing
- erfaring frå tverretatleg og tverrfagleg samarbeid
Personlege eigenskapar
- du har god evne til kommunikasjon, teambygging og relasjonsbygging internt og eksternt
- mål og resultatorientert med god gjennomføringskraft
- du har evne til å setje retning, drive endring og skape resultat i samhandling med andre
- du er medarbeidarorientert med god evne til å motivere, støtte og utvikle medarbeider
- du er samfunnsorientert og har forståing for eininga si rolle i politiet sitt samfunnsoppdrag
- du er ein god rollemodell som leiar og for politiet sin medarbeiderplattform gjennom eigen åtferd
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved leiarstilling.
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her .
Dette kan vi tilby om du vel oss
- ei utfordrande og utviklande leiarstilling for deg som vil vera med og forme politiet for framtida
- fast stilling som seksjonsleiar (SKO 0326) med funksjonstittel politiavdelingsleiar, med brutto årslønn på 840 000 kr. - 890 000 kr
- for særskilt kvalifiserte kan noko høgare lønnsplassering vurderast
- godtgjersle etter gjeldande ATB, som for tida er kr. 44 708, og tillegg for eventuell turnusteneste
- medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir på www.spk.no . Det blir trekt to prosent frå lønna til innskot i Statens pensjonskasse
- mogelegheit for trening i arbeidstida •
Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og er knytt til bedriftshelseteneste
Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.
Mangfald i politiet
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her .
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_Wc Slik søkjer du
Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Om arbeidsgiveren
Mellom hav, fjorder og fjell finner du Møre og Romsdal politidistrikt, som er ett av 12 politidistrikter i Norge. Vi dekker et område på 15 099 kvadratkilometer og har ansvar for en befolkning på om lag 270 000 mennesker. Trollheimen, Romsdalsfjella, Sunnmørsalpane og Tafjordfjella set naturlege avgrensingar i fylket og politidistriktet. Ein stor del av befolkninga bur langs kysten og på øyar.
Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Politidistriktet har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.
Politidistriktet, med om lag 650 ansatte, ledes av politimester Elin Drønnen som har hovedsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftsenheter med til sammen 18 politistasjoner, i tillegg til en sommeråpen politistasjon i Geiranger. I tillegg har vi fire funksjonelle driftsenheter: felles enhet for påtale, felles enhet for operativ tjeneste, felles enhet for etterretning, forebygging og etterforskning, og felles enhet for utlendingssaker, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kommer PST og tre lederstøttestaber: kommunikasjon, virksomhetsstyring og HR/HMS.


