MCPNew: now works with Claude & AI assistants
Visere

Visere

Førde Sementvare AS - Selger og Sivilingeniør (2 stillinger)

Company

Visere

Role

Førde Sementvare AS - Selger og Sivilingeniør (2 stillinger)

Job type

-

Found on Mokaru

1 month ago

Share this job

Salary

Not disclosed by employer

Job description

Førde Sementvare AS er ei lokal og solid industriverksemd med lange tradisjonar innan produksjon av betong- og sementvarer. Vi leverer kvalitetsprodukt til både private og profesjonelle kundar, og er ein viktig aktør i regionen. Vi har omlag 75 ansatte.

Gjennom høg fagkompetanse, moderne produksjon og sterk lokal forankring bidreg vi til utvikling og verdiskaping i Sunnfjord og på Vestlandet.

Vi er eit konsern med ambisjonar for vidare vekst og utvikling, og legg stor vekt på kvalitet, berekraft og langsiktig forretningsdrif t. Hjå oss jobbar engasjerte medarbeidarar som er stolte av faget sitt og av verksemda dei er ein del av.

No ser vi etter 2 nye medarbeidarar til å styrke laget vårt: Seljar og Sivilingeniør

Seljar - Førde Sementvare AS

Vil du jobbe med sal av konkrete byggjeløysingar – og bli ein viktig rådgjevar for kundane våre?

Førde Sementvare er ei solid industriverksemd med sterke røter i regionen og ambisjonar for vidare vekst. No søkjer vi ein engasjert seljar som vil vere med å utvikle marknaden vår og skape gode løysingar for kundane våre.

Hos oss jobbar du tett på både kundar, prosjekt og produksjon – og får vere med å påverke løysingane frå tidleg fase til ferdig leveranse.

Dette kjem du til å jobbe med

Utarbeiding og oppfølging av tilbod

Aktiv kundekontakt og relasjonsbygging

Oppfølging av både eksisterande og nye kundar

Deltaking i prosjektutvikling saman med kundar og interne fagmiljø

Samarbeid med prosjektleiarar for å sikre gode og effektive leveransar

Dokumentasjon og oppfølging i relevante system

Kvifor velje oss?

Du får ein sentral rolle i eit selskap med sterk lokal posisjon og gode vekstambisjonar

Du jobbar tett på fagmiljøet og blir ein viktig rådgjevar for kundane

Kort veg frå idé til avgjerd – og moglegheit til å påverke

Eit godt arbeidsmiljø med stolte fagfolk og høg kompetanse

Varierte dagar med stor grad av sjølvstende

Vi ser etter deg som

Har byggteknisk bakgrunn (ingeniør eller fagskule)

Har erfaring frå bygg, gjerne prefab

Er trygg i dialog med kundar og flink til å bygge tillit

Jobbar strukturert og tek eigarskap til eigen portefølje

Er utadvendt, samarbeidsorientert og motiverast av resultat

Likar å jobbe med produkt og finne løysingar

Arbeidsstad: Førde eller Loen

Sivilingeniør - Førde Sementvare AS

Vil du jobbe med prosjektering av bygg og følgje dei frå idé til ferdig bygg?

Førde Sementvare er ei solid industriverksemd med sterke røter i regionen og ambisjonar for vidare vekst. Vi leverer betongelement og byggjeløysingar til både private og profesjonelle kundar, og er ein viktig aktør på Vestlandet. Hjå oss jobbar engasjerte fagfolk som er stolte av det dei skaper.

No søkjer vi ein engasjerte og fagleg flink sivilingeniør til elementavdelinga vår. Hos oss jobbar du tett på både prosjektering og produksjon – og får vere med å påverke løysingane gjennom heile prosjektløpet.

Arbeidsoppgåver

Byggteknisk prosjektering, statiske berekningar og dimensjonering av betong- og stålkonstruksjonar

Utarbeiding av konstruksjonsteikningar, produksjons- og montasjeunderlag

Tett samarbeid med produksjon for å sikre gode og effektive løysingar

Deltaking i varierte prosjekt med fokus på kvalitet, berekraft og gjennomførbarheit

Kvifor velje oss

Du får sjå resultata av arbeidet ditt bli realisert i praksis

Tett samarbeid mellom prosjektering og produksjon

Kort veg frå idé til avgjerd – og moglegheit til å påverke

Eit sterkt fagmiljø med høg kompetanse

Eit praktisk og løysingsorientert arbeidsmiljø

Kvalifikasjonar

Mastergrad innan bygg (sivilingeniør)

Erfaring fra konstruksjonar, gjerne innan betong og prefab

Erfaring med eller interesse for BIM- og prosjekteringsverktøy (t.d. Tekla/Autocad)

God munnleg og skriftleg framstillingsevne

Personlege eigenskapar

Strukturert og nøyaktig, med fokus på kvalitet

Initiativrik og løysingsorientert

Gode samarbeidsevner

Arbeidsstad : Førde eller Loen

For begge stillingane

Synest du dette høyrest spennande og interessant ut, ta kontakt med Jon Gjerde i Visere på tlf. 958 44 394 / jon.gjerde@visere.no . Om du ønskjer det, kan vi i første omgang halde namnet ditt konfidensielt overfor oppdragsgivar.

Resume ExampleCover Letter Example

Explore more